August 2017
Joar har målt 260 mm. nedbør. Nedbør 2017 = 1624 mm
Stor stas i heile bygda då Anders fekk Kulturprisen-2017 frå Hoyanger Kommune.
Foto: Høyanger Kommune.
Frå v: Rådmann. Arve Varden, Ordførar Petter Sortland, Anders og Kristi Brekke, Kultursjef Anita Nordheim.
Det vart også stas i bygda då Ortnevik Bibliotek vart utpeika til ”landets koselegaste”.
I boka ”Norske bibliotek” kan me lese om denne toppkåringa.
Bibliotekar Nina må ta heile æra for denne gode plaseringa.
På Biblioteket var det også i år juleavslutning
Med servering av gløgg og peparkaker. Fritt låneval frå eit stort utval av bøker, blad og musikk.
Fin feiring for 20. år med Butikken vår og Tenning av ljosa på bjørka ute. Opning og velkommen av Nina i Saniteten.
Inge helsa frå Grendelaget
Leiar for Butikken i 20 år. Harald Frode fortalde om desse åra.
Servering av grillmat og marsipankake. Frode synte film frå opninga av butikken for 20 år sidan. Anna framførde fin song og Eldar song om Butikken, Anders spela til songen deira og gav oss endå meir musikk.
Fleire andre var med og laga ein fin og verdig bursdag for butikken! Premielista frå Turpostane til Ortnevik Sanitetslag 01.sept.2016 – 02.sept. 2017. Premielista frå Turpostane til Ortnevik Sanitetslag 01.sept.2016 – 02.sept. 2017, Årleg premiering (etter trekning).
Fitjestranda Vinnar: Janne Karin Brekken 729 turar
Seten Vinnar: Signe Johannessen 618 turar
Kåretangen Vinnar: Janne Karin Brekken 60 turar
Gurihola Vinnar: Gerd Brekke 561 turar
Sjersenga Vinnar: Harald Ynnesdal 365 turar
Vassdalen Vinnar: Monica Støldal 73 turar
Lialøa Vinnar: Svein Nygård 128 turar
2534 turar til saman. Flott !
Bjordal og Ortnevik sokneråd skipa Julekonsert i Ortnevik Kyrkje søndag før jul. Det var mange lokale artistar med. Ortnevik Kyrkje er eit svært godt konsertlokale og med så gode artistar vart det fin oppleving. Om lag 70 personar møtte fram til denne julekonserten.
Gerda og Ragna Sofie gav oss sin fin musikk frå galleri
Kyrkja julaftan
Prest Andreas, Klokkar Ann Iren, Organist Anders og Guri spela tverrfløyte. I januar vert det opa kyrkje for kveldsmeditasjon måndag 22.01-18, kl. 2000.
Gruppa ‘True Trouble’ spela i Grendehuset i romjula. Det var Gratis inngang.
Åge Østerbø – trommer
Stig Hovlandsdal Øvreås – bass (og sang/gitar til tider)
Hannah Hewitt – sang
Thomas Müller – lydmann
Eldar Brekke – gitar (og bass/sang til tider)
Helsing frå Grendelaget og Godt nytt år!
—– —–